Tenester

Brørne Kråkevik leverer solide tenester innan bygg, anlegg, transport og prosjektutvikling. Med brei erfaring og lokal forankring hjelper me både privatpersonar, næringsliv og offentlege aktørar med små og store prosjekt.

Graving

Me utfører alle typar gravejobbar – frå tomtearbeid og grøfter til drenering og planering. Med fleire ulike gravemaskiner og rett utstyr til jobben, leverer me trygg og effektiv graving i alle skalaer.

Sprenging og boring

Me tilbyr boring og sprenging som ein del av våre spesialiserte tenester, og veit kor viktig nøyaktigheit og tryggleik er i slike prosjekt. Anten det gjeld klargjering for bygg, vegbygging eller annan infrastruktur, leverer me løysingar tilpassa behova i kvart enkelt prosjekt.

Transport

Me tilbyr spesialtransport av store massar og har ein moderne og variert lastebilpark som passar dei fleste oppdrag. Med lang erfaring og påliteleg utstyr leverer me effektive løysingar tilpassa dine behov.

Grunnarbeid

Grunnarbeid er ein viktig del av byggeprosessen og inkluderer oppgåver som rydding, graving, fundamentering og drenering. Godt grunnarbeid forhindrar problem som setningsskader og vannskader på bygningane. Brødrene Kråkevik har både utstyr og erfaring til å gjennomføre det arbeidet.

Me har lang erfaring med ulike bygg og konstruksjonar utført i mur. Vi utfører alle typar murarbeid frå oppsett av forskalingsmurar langs vegar og på bygg, muring av garasjar, grunnmur, støttemur, natursteinsmurar og store forstøttingsmurar av stein.

Natursteinmuring

Landemåling

Me utfører landmålingsoppdrag med moderne teknologi og fagkunnskap, og leverer pålitelege resultat, uansett storleik eller kompleksitet.