Våre tenester

  • Grunnarbeid

    Grunnarbeid er dei første og avgjerande stega i byggeprosessen som gjer ei tomt byggjeklar. Dette inneber mellom anna utgraving av jordmassar, etablering av drenering for å hindre fuktproblem, og komprimering av underlaget for å sikre eit solid fundament.

    Transport
  • Transport

    Me tilbyr transport og spesialtransporttenester som omfattar frakt av maskiner og utstyr til og frå byggjeplassar, transport av byggjematerialar som betong, grus, jord og asfalt, samt handtering av avfall. Dette inkluderer òg spesialtransport for tyngre og større materiale, som krev sertifiserte sjåførar og utstyr tilpassa store lastemengder.

    Outdoor Spaces icon
  • Graving

    Graving omfattar til dømes utgraving av jord- og steinmassar for klargjering av tomter. Dette inkluderer alt frå bygging av byggjegrop for fundament, til graving for røyr- og leidningsnett og terrengjustering for vegar og grøfter. Vårt utstyr og vår fagkunnskap sikrar ein trygg og effektiv prosess som legg eit solid grunnlag for vidare byggjearbeid.

    Custom Additions icon